Å skrive seg inn i profesjonen: Eit akademisk blikk på akademisk skriving i profesjonsutdanningar

Forfattere

Roar Stokken (ed)
Volda University College
https://orcid.org/0000-0003-4725-0114
Elin Gundersen (ed)
Kristin Kibsgaard Sjøhelle (ed)

Nøkkelord:

akademisk skriving, literacy, profesjonsutdanning, praktiske synteser, profesjonsdanning, anerkjennelse, ansiktsarbeid, rammer og sjanger, kvalifisering sosialisering og subjektdanning, akademisk skriveopplæring

Synopsis

Akademisk skriving må lærast. Det er ein krevjande sjanger som både studentar og fagtilsette er avhengige av i sitt akademiske arbeid. Dette gjeld anten ein skal forstå det ein les, formidle det ein les, eller skrive sjølv.

I denne antologien møtest ulike fagtradisjonar. Bidraga representerer ei stor fagleg breidde, og dei skaper både kvar for seg og samla ny kunnskap om akademisk skriving i profesjonsutdanningar. Forfattarane viser fram ulike aspekt ved akademisk skriving på tre ulike nivå: skriving, støtte og strukturar.

Antologien drøftar mellom anna:
- Korleis fagmiljø kan styrke kulturen for skriving og læring i profesjonsutdanning
- Korleis fagleg støtte formar akademisk skriving, fagleg utvikling og profesjonsidentitet
- Korleis strukturar som samskriving, rettleiing og rammer påverkar skrivinga

Bidraga i boka kombinerer teoretiske perspektiv med empiriske døme frå utdanningsfeltet. Boka gir ny innsikt i arbeidsmåtar og forståing av akademisk skriving som ein integrert del av profesjonsutdanning.

Antologien er redigert av Roar Stokken, professor ved Institutt for sosialfag, Elin Gundersen, rådgjevar ved biblioteket, og Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur. Alle er tilsette ved Høgskulen i Volda og har forska på og undervist i akademisk skriving innan profesjonsutdanningane.

Å skrive seg inn i profesjonen er retta mot kollegaer som arbeider med akademisk skriving i profesjonsutdanning. Boka kan òg vere relevant for studentar som tek profesjonsutdanning og lærarar i vidaregåande opplæring.

Kapitler

Forfatterbiografier

Roar Stokken, Volda University College

er professor ved Institutt for sosialfag. Han er ein av forfattarane bak «Handbok for førstegongsforskaren». Han underviser mykje i forskingsmetode og akademisk skriving.

Elin Gundersen

er rådgivar ved høgskulebiblioteket i Volda og har mastergrad i kulturmøte. Ho har ansvar for akademisk skriving, kurs og rettleiing ved biblioteket, og er i tillegg knytt til ulike undervisningsprosjekt ved Høgskulen i Volda.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle

er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur. Ho har fleire års erfaring som lærar i grunnskule og vidaregåande skule, og underviser i norsk i lærarutdanningane. Sjøhelle har særleg arbeidd med forsking på skrivedidaktikk, sidemålsdidaktikk og munnlege undervisnings- og vurderingspraksisar.

Synnøve H. Amdam

er førsteamanuensis i digital kompetanse og literacy ved Høgskulen i Volda. Ho underviser og forskar på profesjonsfagleg digital kompetanse og kunstig intelligens i utdanning, media literacy og mediedidaktikk, samt forskings- og utviklingsmetodar i høgare utdanning.

Ellen Andenes

er førstelektor ved Institutt for sosialfag og programansvarleg for barnevernspedagogutdanninga. Ho har tidlegare yrkesbakgrunn som helsesjukepleiar, og har forska på brukarar og profesjonelle sine erfaringar innan helsestasjon og barnevern. Ho underviser i skriving på bachelor- og masternivå, og er medforfattar av ei lærebok om å skrive empiriske oppgåver i sosialt arbeid.

Anne Marie Hovland Aschim

er spesialbibliotekar ved Lovisenberg diakonale høgskole, og var tidlegare tilsett som spesialbibliotekar ved biblioteket på Høgskulen i Volda. Ho har studert engelsk språk og litteratur i Oslo og Edinburgh.

Hella Veierud Busch

er universitetslektor ved UiT Norges arktiske universitet. Der underviser ho i norskdidaktikk på lektorutdanninga og i praktisk pedagogisk utdanning ved Institutt for lærerutdanning og pedagogikk. I tillegg er ho studieprogramleiar for lektorprogrammet i språk og samfunnsfag. Studieåret 2022/2023 var ho tilsett ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Hella har tidlegare undervist i norsk og historie i vidaregåande opplæring, og er mellom anna oppteken av overgangane mellom skule, utdanning og yrke.

Gro Anita Bårdseth

er førstelektor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda. Ho underviser i planlegging, regional utvikling og prosess­leiing, og forskar på samfunnsplanlegging, lokalt folkehelsearbeid og kulturmiljøforvalting.

Erik Egeland

er førsteamanuensis ved Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda og arbeider med rettleiing. Egeland er utdanna cand.polit. i sosialantropologi, cand.philol. i religionsvitskap og har mastergrad i klassisk filologi. Han har doktorgrad i religionsvitskap frå Uppsala Universitet. Forskinga hans omfattar religion og antropologi, religion og lingvistikk, global kristendom og kristendom i Etiopia.

Hjalmar Eiksund

er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda. Han har bakgrunn som lærar i grunnskule og vidaregåande trinn, og har forska på lærarutdanning, skriveutvikling i norskfaget, sosiolingvistikk og dialektkunnskap.

Pernille Fiskerstrand

er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur. Ho har lærarbakgrunn frå ungdomsskulen og underviser i norsk i lærar­utdanningane. Fiskerstrand har forska innanfor skrivedidaktikk, vurdering og profesjonell utvikling for lærarar.

Ingrid Vee Hagestuen

er høgskulelektor i norsk som andrespråk ved Høg­skulen i Volda. Ho underviser i norsk for internasjonale studentar og tilsette, og interesserer seg for andrespråksdidaktikk, særleg tilbake­meldingspraksisar i andrespråksopplæringa.

Brage Egil Herlofsen

er stipendiat ved Høgskulen i Volda med eit doktorgradsprosjekt om bryllupsdikting i Noreg på 1600- og 1700-talet. Han har tidlegare undervist på lærarutdanninga same stad.

Lina Rebekka Kobberstad

er høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Kobberstad arbeider med pedagogikk og spesialpedagogikk i lærar­utdanninga, og forskingsfeltet er læringsprosessar, kvalitet i opplæring, vurdering og tilbakemelding.

Ingvild Sande Lillebø

er høgskulelektor i rettsvitskap ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Ho underviser i tema innan forvaltningsrett, planrett og arbeidsrett, og har forskingsinteresser innanfor dei same områda.

Randi Neteland

er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen i Volda. Ho forskar på språkbruk og språkutvikling i eit sosiolingvistisk perspektiv, mellom anna på barn og vaksne si tileigning av norsk som andrespråk. Neteland underviser mellom anna i norsk for internasjonale studentar og på barnehagelærarutdanninga.

Wenke Mork Rogne

er professor i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda og har publisert ei rekkje bøker og artiklar om skriveutvikling, digitalisering, literacy, læringsprosessar, arbeid med multiple tekstar, djupnelæring og vurderingspraksisar.

Arne Kåre Topphol

er opphavleg utdanna fysikar, men har sidan 1990 arbeidd med matematikkdidaktikk ved lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda. Han har forska på matematikkfaget i grunnskulen og på korleis elevar opplever og forstår matematikk. No er han dosent emeritus i matematikkdidaktikk.

Kim-Daniel Vattøy

er førsteamanuensis i engelsk fagdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Han har ph.d. i utdannings­vitskap frå NTNU og er emneansvarleg for masteroppgåva i grunnskulelærar­utdanninga og for erfaringsbasert master i undervisning og læring. Forskinga hans omfattar fagdidaktikk, tilbakemelding, vurdering og lærarutdanning.

Erlend Walseth

er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag. Han underviser i etikk og sosiologi og har ei særleg interesse for studentkontakt, forsking på NAV, moralsk stress og moral i praksis. I tillegg er han oppteken av Goffman sine teoriar og interaksjonsstudiar.

Nedlastinger

Publisert

16 januar 2026

Lisens

Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International License.

Detaljer om det tilgjengelige publikasjonsformatet: PDF

PDF

ISBN-13 (15)

9788245059038

Detaljer om det tilgjengelige publikasjonsformatet: ePUB

ePUB

ISBN-13 (15)

9788245062021